tirsdag 15. oktober 2013

Toalettbesøk


Toalettbesøket blir viktigare og viktigare for meg. Det er den einaste staden du får fred og ro. Eg skjønar no kvifor folk heng eit hjarte på utsida av døra. Ja, enkelte går så langt som å skjere ut ei hjarteform i døra slik at det er hól tvers igjennom. Eg har sett det på ein utedo, blant anna. Farmora mi hadde forresten eit skilt i bronse av ein liten gut som tissa i ei potte plassert på golvet. Eg tenkte alltid på kor han måtte søle om han bomma. Det naturlege ville vere å plassere potta på ein stol, slik at lengda på strålen vart minimal.

Ein må tvinge fram ei forståing internt i familien for denne hyrdestunda. Du må sosialisere dei, det skjer nemlig ikkje av seg sjølv. Heime hjå oss er det ingen som stiller spørsmål ved at eg plukkar opp ei avis, fyller opp kaffekoppen og luntar i retning toalettet.

Då veit alle i husstanden at eg treng ei stund for meg sjølv, og dei unner meg den. Toalettet er fristaden min. Det kan storme rundt meg, hyling, skriking, krig eller terror, der inne er eg nøytral. Ingen krev noko av meg, ingen spør eller masar. Alle veit at eg er der, ingen bankar på eller tek i dørklinka. Gjeremål eg var halvvegs i, blir satt på vent. Tida står stille. Eg treng ikkje ein gong svare dersom nokon ropar på meg. Sit ein på do, er ein friteken vanleg folkeskikk.

Eg er klar over at ikkje alle har husstandar har opparbeidt seg denne forståinga.

Det gjeld ikkje minst hos ei familie eg besøkte her ein dag. Etter eit betre måltid i godt lag, kjende eg brått behovet for å tre til sides. Eg gjekk ned ei trapp og gjennom ein lang gang til eg såg ei dør der eit raudt hjarte i filt var hengt opp etter ein tapebit og litt tråd. Termostaten under lysbrytaren underbygde mistanken min om at dette var rett stad. Her, langt frå husstandens medlemer, kunne eg få fred.

Baderomet var nytt og delikat, med store, lyse fliser og ein lang benk med to vaskar. Varmen frå golvet gjorde godt mot føtene mine som hadde blitt kalde under middagen. Eg dempa lyset frå spottane i taket, kneppa opp buksa og sette meg ned. I det fjerne kunne eg høyre barna i familien hoppe og springe rundt i huset som gale, og mine tankar gjekk til foreldra som såg trøytte og til tider apatiske ut. Særskilt far. Dei kunne nok ikkje vente til ungane hadde lagt seg.

Eg innsåg brått at eg kosa meg meir på toalettet enn ute hos dei andre. Det var eit varmt, vakkert og behageleg rom, her kunne eg sitte i timevis om det ikkje var for enkelte sosiale kodeksar eg måtte etterleve.

Ei tid var det nok ikkje like behageleg å gå på toalettet. Under vikingtida, til dømes, eller endå tidlegare, då ein måtte springe til skogs eller sette seg i ei elv for å gjere sitt. Eg veit ikkje korleis dei løyste det, men vinterstid kunne det ikkje vere særleg lystbetont å måtte ut midt på natta. Site der i djupsnøen eller piskregnet, kaldt og trasig, og måtte holde ville dyr på avstand med eine handa og tørke seg med den andre. Det kan ikkje ha vore lett.

Det var nok difor skaparen hadde tilkjent oss eit visst fysisk behag assosiert med å tøme seg. Slik motiverte han dei som ikkje hadde lyst å gå ut i skogen midtvinters, eller sette seg i elva. Det fysiske velværet vart ei gulrot, på eit vis.

I dag er dette velværet overflødig. I alle fall for meg. Freden eg føler låst inne på eit do, er meir enn god nok belønning.

Brått vart eg rykt ut av mi eiga tankerekke. Eit kolossalt brak inntraff etterfylgt av hamring og skriking. Eg skvatt så eg heldt på ramle av setet.

— Kven er der inne? hylte ei gutestemme utanfor, medan døra nær vart reven av hengslene.

Eg gjorde som eg pla og var musestille. Hadde han ikkje lært seg å la folk vere i fred på do?

— Slepp meg iiiiiiiiiiiiinn! Mamma, det er nokon der, vræler han vidare.

Hamring, sparking og banking på døra.

— Vent litt, stotra eg, og innsåg at kosen var over. Her var det berre å runde av.

Ei ny stemme lydde utanfrå, det var mor i huset. Ho røska tak i dørhandtaket, og verka genuint overraska over at nokon hadde låst døra.

— Kven er der inne? ropte ho med unødvendig uro i stemma, som om eg var ein innbrotstjuv.

— Er det du, Audun? Er det lenge til du er ferdig? Kan Ola få kome inn?

Eg visste ikkje kva eg skulle svare på så dumme spørsmål, og den litt for lange stillheita utløyste nok eit angrep på døra. Bråket var ikkje til å halde ut. Men det stoppa ikkje der. Baderommet hadde nemleg enda ei dør som førte inn på soveromet til foreldra. Heldigvis hadde eg låst begge, for no hadde gutungen sprunge rundt og prøvde å kome seg inn bakvegen.

Eg var under angrep frå begge sider. Var det anna å vente far såg sliten ut?

— Eg skal inn! hylte han. Med ein gong! Pappaaaaa!!! Hjelp meg å opne døra!

Eg fullbyrda gjeremålet mitt medan eg tenkte på ein amerikansk skrekkfilm eg hadde sett. Ei ung kvinne flykta gjennom eit hus med ein gal drapsmann etter seg, og etter at ho låste seg inne på badet hadde drapsmannen sakte men sikkert slått inn døra.

Etter dobesøket takka eg for meg, og gjekk. Vel heime, merka eg at eiga dodør var låst.

— Eg er heime, ropte eg.

Ingen svara.

Alt var som det skulle.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar